Om oss

KKennel Vossatroppen

Oppdretter av Flatcoated  Retriver.

Me er ein familie som bur på Oppheim, 27km utanfor Voss sentrum.

I 2005 kjøpte me ein gard, Finne,  som ligg for seg sjølv 500m o.h. Fritt og fint for to- og firbeinte. Garden er ikkje i drift, men me driv jorda. Sidan den gong har med bygd om og restaurert bustadhuset, men me har mange år framfor oss med slikt arbeid, også på låve, støl, stabbur og jakthytte. Og visst me eingong vert ferdig….,kan me nok berre forsetja å halda alt ved like!




Alvhild Bidne, -73, fekk min fyrste hund i -99, etter å ha lånt og passa hundar for venner i sommarferiane. Den fyrste var ein Gordon setter, Trollheimens Maika.

Så starta eg min eigen frisørsalong, og tida til jakt vart bytt ut med jobb. Når eg då skulle ha meg ny hund, vart valet Flatcoated retriever. Mest for allsidigheita, då eg var veldig interessert i lydnad, bruks og utstilling.

Året -03 byrja eg på instruktør utdanning hjå Fjellanger hundeskule i Bergen. Er instruktør for Voss hundeklubb, og held kvalp-, unghund-, klikker- og lydnadskurs, samt brukskurs ilag med Audun. Eg og Rina (Attentive’s toffee crisp)  konkurrerar i kl 3 LP, og kl C Bruks. Eg eig Sveis’n frisør AS, i Voss sentrum, ilag med ”svigerinna” mi, Tone. Eg er dagleg leiar og frisør, og me har 4 kjekke kollegar.


Audun Gudbrandstuen, -72, fekk min fyrste hund i -90, som var ei schäfer- tispe. Har dreve eit lite oppdrett på rasen sia -94. Har i dag ingen hund, men den siste hunden min var Veemtroppen’s Kimmi, som eg konkurrete med i kl 3 LP og Bruks kl C spor. Utdanna meg til instruktør, trinn 1, hjå NKK i -93, som ringsekretær i -98 og tok utdanning som brukshund- dommar i -00. Er også autorisert K-Test dommar, og  MH beskriver. Sitter også i regionstyret i NK Hordaland.  Eg arbeider hjå Tine Meierier på Voss.