Målsetning:
Målet med vårt oppdrett er å avla fram rasetypiske, sunne og friske hundar med optimal brukshundeigenskap, samt gode familie hundar. Alle avlshundane i oppdrettet skal ha dei krav som raseklubbene forlangar.
Avlshundane:
Alle hundane som brukast i oppdrettet skal oppfylle raseklubbenes krav. Med dette må alle ha gjennomført ein mentaltest samt ha godkjente hofter, allbuar og auge. Hundane skal også ha best mulig eksteriør, og gjerne bevist sine brukseigenskapar.
Helse:
God helse er så mykje. Alle hundane som vert nytta er grundig sjekka. Ikkje berre dei individa som nyttast, men også søsken, forfedre og tidligare avkom vert sjekka. Kva dei har å gje vidare genetisk, har me ingen garanti for, men me gjer det me kan for at alle avkom skal vera sunne og friske.
Mentale eigenskapar:
Alle hundane som nyttast i avl, skal ha ein form for godkjent mentaltest. Dette kan være karaktertest, funksjonsanalyse, ferdselsprøve, MH- test eller andre formar for mentaltest som kan godkjennast. Er hundane svake mentalt, redde eller aggressive, vert de ikkje avlshundar. Det er særdeles viktig at avlstispene er stabile mentalt, då dette kan vera arveleg.
Valpekjøparar:
Då vårt oppdrett avlar fram rasar med brukseigenskap, vil det og vera ynskjeleg at kjøparar nyttar denne eigenskapen. Me ynskjer at alle våre valpekjøparar tek HD og AD røntgen av sin hund, deltek på 2 utstillingar etter fylte 9 mnd. og tek ein form for mentaltest på hunden. Dette for å hjelpe oss med vårt vidare avl. Kjøparar som vil nytta hundane sine i ein eller anna form innan hundesport, vert kanskje høgast prioritert.
Oppfølging:
Ein av våre viktigaste oppgåver som oppdrettar er oppfylging av alle valpekjøparar. Du vil hjå oss få svar og hjelp til alt du spør om. Kan ikkje me hjelpa deg, så skaffar me deg den hjelpen du treng. Du vil sjølvsagt få hjelp til utstilling, klypping og liknande. Om det er ynskjeleg, vil me arrangera kennel- treff. Som hundeinstruktørar vil me arrangere eit fagleg og sosialt treff, der alle snakkar mykje hund, får trenings tips og mykje inspirasjon.
KVA SKJER MED KVALPANE HJÅ OSS??
Frå kvalpane er født, til dei er 3- 4 veker gamle, har me tispa i lag med kvalpane på vaskerommet. Då er det berre familien og vennar som slepp inn. Dette for ikkje å uroa mor og avkom i den viktige tida med mating og utvikling. Kvalpane er født utan syn og hørsel, dette utviklast i de 3 første vekene.
Allereie etter 1 veka byrjar me med klo klypping, og gjer dette 1 gong i veka så lengje kvalpane er her.
Etter ca 4 veker tek me kvalpane ut frå vaskerommet og inn i resten av huset og let dei verta betre kjent. No byrjar pregings perioden, då er det også på tide att andre menneskjer slepp til, og handterar kvalpane.
Ca 4 veker gamle flyttar dei ut i ”mjølkerommet”, som er eit eige rom i fjosen og som er omgjort til kvalperom. Der søv dei med tispa, og om dagen er dei ute på tunet så sant været tilseier det.
Når valpane er 7 veker, tek me dei med til eit ukjent rom. Der vert det gjort ein ”mental- test” for kvalpar. Ein framand person (for kvalpane) testar kvar enkelt kvalp. Den testar sosialitet, arbeidslyst og samarbeid, lyd- og syns følsomheit med meir.
Denna " testen " gjev oss ein god pekepinn på korleis valpene er som enkeltindivid, og hjelpe oss med å "plukka" ut rett kvalp til rett eigar.
Ut i frå denne testen, samt det me observerar ellers, prøver me å levera kvalpene til rett kvalpekjøpar. Så det er viktig at kjøparen gjer oss rett inntrykk av seg sjølv og «rammene» rundt kvalpen. Hjå oss er det ikkje såkalt 1.valg på kvalp, og det er me som plukkar ut kvalp og ikkje kvalpekjøperen. Så sant ikkje det er nokon særskilde ynskjer. Det er viktig for oss at alle vert fornøygde, både dei som vil ha ein rein familiehund og dei med konkurranse som mål. Er det td. fleire kvalpar som er nokolunde like, kan sjølvsagt kvalpekjøparen velja av dei.
Me held god kontakt med kvalpekjøparne, om det er ynskjeleg. Og er glade for all tilbakemelding om hunden, samt ris og ros. Me er behjelpeleg med trening, tips, veiledning og hjelp. Me er utdanna hundeinstruktørar mm og kan hjelpa til med det meste, samt henvisa til anna profisjonell hjelp.
Den beste reklamen me som oppdrettara kan få, er gode hundar og nøygde kvalpakjøparar!
Ved kjøp av kvalp:
l Me ynskjer besøk av deg gjerne før el ved levering.
l Me ynskjer ein orientering frå deg om kvifor du ynskjer hund, rasevalg, familieforhold,
l Me brukar Norsk Kennel Klubb (NKK) sin standar kontrakt
l Me leverar kvalpen med helseattest, og vaksinert.
l Kvalpen er registrert hjå NKK
l Kvalpen er forsikra for arvelege feil inntil den er 5 år, men de må sjløv ordna med ulykke- og vetrinær forsikring.
l Kvar kvalp har si eige mappe som du får med.
l Kvalpen har microchip (ID)- merke.
l Me tek eit depositum, som vert tilbakebetalt om kvalpen vert avbestilt før den er 7 veker gammal.
l Kvalpane vert ikkje tatt frå mor/ levert før dei er 8 veker gamle.