Bunyan’s Nico the Countryman
INT.NORD.Uch.N.Lch.NV-96 Coalport Country Man
Bunyan’s Miss Ditti Ditto Harrison
Coneken’s Extra Spesial
S.Uch. Va’vått’s Vicente Vattenfall
INT.N.S.Uch. Agrebo’s As You Like It

Litt om Rina:

 

Regnr:            09924/03

Mor:               Attentive’s Lady Grey

Far:                 Almanza Chocolate Sixpense

Fødd:              19.04.03

HD:                 A

AD:                 A

Auge:                   Anmerking: Ektopisk cilium.

Gonioskopert:   UA

DNA:                    bbEE, bærer brunt, ikkje svart el gult.

Karaktertest:    Bestått.

LP:                       kl. 3, Bronse- sølv- og gullmerke.

Bruks:                 kl. C

Utstilling:            2 x Cert, BIR, 3BIG.

Rina er ein mørkbrun, stor og veldig vakker Flatt, spør du underteikna ;-)

Ho er ein roleg type, men er veldig klar når treningskle el ski- sko kjem på.

Ho elskar å gå spor og trena felt. Ho går både menneskespor og blodspor.

Men det kjekkaste ho veit er fersk- spor av hjort. Då har mor problemer med å halda igjen.

Ho er brukande til alt, og burde vore brukt meir til jakt. Ho står på fugl, og har eit fantastisk søk. Men mor er mest interessert i Lydnad…så jakt vert kun under hjortejakta.

Rina går i kl. 3 LP. Ho er veldig klar for å komma vidare, men hatar metall- apport. Og tida til mor vart veldig innsnerva då Eirik og Vegar kom og tok all oppmerksamheita. Så no er ho mest berre snill og god ”gardshund” i avl…

Ho er veldig barne- og folkekjær, akkurat som ein flatt skal vera. Ho går laus på tunet, og reiser aldrig. Ho har eit fantastisk språk og er lett å forstå. Både for andre hundar og mor sjølv. Ho har stor toleranse, også når ho har kvalpar. Både for folk og andre hundar. Ho er ein upperleg dressør for kvalpane sine, og tek godt vare på dei.

Rina har gode kritikkar frå utstilling, og ho elskar å vera i ringen. Ho har to cert, og begge gongene har ho også vorte BIR, og eine gongen 3BIG. Ho er jo ikkje stilt så veldig ofte, då pels- fargen er best om vinteren.

Rina er den fyrste flatten me hadde kull på.

 


Rina

Fleire bilder
Resultat
Kvalpar
 
cassie
bunn