|
|
|
SU(u)Ch Black Mica's Technical Knock-Out (Billy) |
Frå kvalpekassa…
Endeleg byrja drektigheten å gå på hell. Rina er kjempe svær, og forrige gong vart det 13!
Dag 57 byrja me å ta tempraturen morgon og kveld. Dag 61 byrja den og gå ned, då viste me at når den var komme ned i ca 36,5 også byrja å gå opp igjen, bør det byrja med kvalping innan eit døgn. Forrige gong hadde ho ein kort oppblokkingsfase, som er den fyrste fasen i kvalpinga. Den var ca 5 min før fostervatnet gjekk, og iløpet av 3 timar var 13 kvalpar komme ut. Men ingen gong er lik… Tys 8 juli på ettermiddag byrja oppblokkingsfasen, og me ordna oss med barnevakt og trudde at før kvelden var me ferdige. Men det varte og rakk. Barnevakten flytta like enkelt inn for natta. Me vaka over ho heile natta og onsdag 9 juli kl 07.13 gjekk fostervatnet. Kl.07.27 kom fyrste kvalpen ut i frie omgivelsar. Ei brun hanne.
07.47 kom nr 2, ein brun hanne. 07.59 ein svart hanne. Så gjekk det ei stund. Rina fekk pressrier men ingen kvalp kom. Me tok ho ut av kassen, så ho fekk bevega seg litt, i tilfelle det kom to samtidig, slik at då flyttar forhåpentligvis den eine litt på seg. Og riktig nok… 09.36 kom ein brun hanne og 09.40 kom endå ein brun hanne. Eg byrja å sjå mørkt på dei 6 svarte tispene som me hadde bestilling på… kl. 10.05 kom ei tispe, brun og ti min etter ein brun hanne.10.24 endå ein brun hanne og 11.15 ein brun hanne. Er det mulig?? 8 brune og ein svart, og der i blant berre ei tispe. Men det var vel kanskje fleire inni der. Etter 1 ½ time byrja nye pressrier, men heller ikkje her kom der nokon kvalp. Rina var tydleg sliten, sjølv om ha hadde fått i seg to gode porsjonar med silt havregrynsuppe med druesukker. Etter 30 min med rier, ringte me vetrinæren. Ho ga oss råd om massering og mosjon, dette hadde me prøvd jamt og trutt mens me venta, men me vart einige om å prøva ein halv time til. Ingenting skjedde anna enn at Rina vart trøttare og orkte ikkje ta i på pressriene. Eg pressa vel meir enn ho til tider, følte eg… så ringte me vetrinæren igjen, og laga oss klar til reise. Me pakka med oss dei 9 små og Rina. Ho hadde store smerter og rier, og eg følte det tok ein evighet å køyra Oppheim- Voss, 30 min. Endelig framme. Hilde Lunde på Hestevangen dyreklinikk tok i mot oss, tross andre pasientar. Ho sjekka Rina, og konstanterte at der var fleire. Ho ga ho rieframkallande middel oxytocin kl 14.47. kl. 15.00 pressa Rina og Hilde skubba og drog ut ei svart tispe. Den var død, ho hadde nok venta forlenge i køen. Så var me usikkre på om der var fleire. Rina fekk ny dose oxytocin, men ingen fleire rier kom. Hilde var usikker på om ho kjende ein til, så me tok røntgen. Men no var ho tom. Hilde gjorde ein kjempe jobb, og Rina var eit prakteksemplar av ein pasient. Så kl 17.00 såg me oss ferdige med ein lang og komplisert fødsel. Vel heima slo Rina og dei små seg til ro, og me var overtrøtte og glade.
Utruleg med så mange brune og alle desse gutta…
Dagen etter er alt vel i kassen. Rina viser ingen vaktsomhet over kvalpane, og vår Eirik på 3år får inn å sjå.
2 dagen vog me dei og merka dei, dusja Rina og sjekka at spenane er med mjølk og ingen betennelse. Denne dagen døde den svarte hannen, den største og den var jo så fin ilag med dei brune... Men slik er verden, uforståeleg nokon gonger. Eg hadde i forkant ynskt meg 8 stk, så no var kullet passe stort, sjølv om eg meir enn gjerne skulle hatt den svarte og!
7 dagar gamle: Klør vart klypt (144 stk), alle vart vegd og dei er nokon knubne sjarmørar. Vise at dei kan velja i 14 spenar fulle med mjølk.
12 dagar: Små gløtt av auger byrja å visa. Nokon har fått dei heilt fram og nokon får dei neste dag. Rina er flik å stella og dia. Denne kvelden fekk me ein trist mail, der me vart gjort oppmerksamme på at pappa Billy er bærar av PRA. Dvs ingen av kullet kan brukast i avl,for dei vert også bærara av genet. Me håpar for framtida at ein gentest skal verta råd å ta på flatt og, og ikkje minst avlshundar.
14 dagar: Kløklypp og veging. Klompane, som me kallar dei, er byrja å gå el sjangla seg bortover, dei prøver å leika med kvarandre, men det er ikkje så lett når dei er litt ustødige. Eirik og eg kunne vore i kassen heile dagen for berre å sjå på utvikling og framgang. Men me hugsar på at vetle Vegar får den pass han treng ;-)
Om Billy
Utstilling: 3 x Cert, BIR, BIS
Anna: Godkjent redningshund, gjennomført mentaltest og godkjent SBK kl 1.
HD:A
DNA-test: Anleggsbærer av sort og brun. Ikkje gul.

Billy og Eirik. |
|